Offisiell informasjon for Åndalsnes og Romsdalen siden 1930

Lesja er ei typisk fjellbygd. 82% av kommunen sitt areal ligg over 900 m.o.h. Det er to nasjonalparkar i  kommunen: Dovrefjell – Sunndalsfjella nasjonalpark og Reinheimen nasjonalpark. Kommunen forvaltar også fire landskapsvernområde Dalsida, Jora, Lordalen og Fokstugu.

Med sin flotte natur og enorme høgfjellsområde, ligg det godt til rette for friluftsliv. Det ligg mange fiskerike vatn i Lesja. I høgfjellet på begge sider av hoveddalføret er det store villreinstammar. Lesja er ein av landets største villreinkommunar. Kommunen er også rik på kulturminner. Det finns restar av busetting, jakt og fangst heilt attende til steinalderen.

Bjorli som ligg på grensa mot Møre og Romsdal fylke, er hovudsatsingsområde for turisme.
Bjorli har alpinanlegg med fleire skiheisar og varierande nedfartar. Anlegget har eigen barnebakke. Det er preparert ca. 150 km med merka og preparerte turløyper i bygda og på fjellet. Om sommaren er det også mange aktivitetar i området.