Offisiell informasjon for Åndalsnes og Romsdalen siden 1930

Trolla frå Trollstad er ein eventyrleg gjeng av huldretroll som likar å synge, danse og trolle med kvarandre

Trolla fra Trollstad

Trollstad er ein hemmeleg trollandsby der ingen menneske før har sett sin fot. Desse trolla stammar frå tusenvis av år tilbake i tid, men har kun i seinare tid hatt kontakt med menneske. Trolla viser seg gjerne fram til stor glede for store og små:

  • Trolldans / The dance of the Trolls, ei 18 minutt lang danseframsyning med spesialskreve musikk

  • Troll på rampetur / Playtime with the Trolls, der ein kan delta i dans og leik med trolla

Huldretrolla frå Trollstad er stadig på besøk i Valldal Aktivitetspark, og dei er veldig glad i leik og moro. I Trolltunet engasjerer dei born og vaksne i forskjellige aktivitetar. Det kan vere eventyrstund, trollskule, oppdagingstur, dans, ballspel eller andre leikar. Ein ting er sikkert; med trolla til stade er det alltid noko artig på gang!